AS

Nskjer Du Ei Spanande Læretid Med Varierte Arbeidsoppgåver I Eit Godt Arbeidsmiljø, Søk Lærlingplass Hjå Oss!

Askvoll kommune Helse og omsorghttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png United Kingdom Posted 23 Oct 2026 Closing: 22 Nov 2026
Permanent

Job Description & Overview

Askvoll kommune Helse og omsorg
Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll
Om jobben
Lagre favoritt
Stillingstittel
Lærling i helsearbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk
Søk senest søndag 16. august
Vil du vere med på å verkeleg bety noko for mennesker og utgjere ein forskjell i livet deira? Er målet ditt å få fagbrev i helsearbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan helsefagarbeid hjå oss!
Askvoll kommune har to ledige lærlingplassar innan helsearbeidarfaget frå . Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.
Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få breid erfaring innan ditt fagfelt. Læretida vert fordelt mellom einingane innan helse
- og omsorgsetaten, med læretid ved fleire typar avdelingar, med mogelegheit for hospitering og tilpassing av læretida etter ønskje.
Arbeidsoppgåver
Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
I det daglege vil du arbeide som ein helsefagarbeidar, som inneber å hjelpe ulike brukargrupper med gjennomføring av kvardagslege gjeremål som personleg hygiene, måltid, aktivitetar og generell tilrettelegging av kvardagen
Utøve pleie og omsorg i tråd med gjeldande krav til kvalitet, lovverk og Askvoll kommune sine visjonar og mål
Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktø og naudsynt opplæring vil verte gjeven
Kvalifikasjonskrav
Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
Kvalifisert til lærekontrakt
Beherske data som verktøy
Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg
Gyldig politiattest ved tiltreding, jf. Helse
- og omsorgstenestelova -5-4
Personlege eigenskapar
Som lærling i helsearbeidarfaget må du like å jobbe med menneske
Du er samarbeidsviljug, fleksibel og påliteleg
Du trivast i møtet med pasientar og pårørande, og er oppteken av brukarane sine behov
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise omsyn og respekt
Evne til læring og omstilling er viktig
Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag
Du må ha gode samarbeidsevner sidan du i tillegg til å vere tett på pasientar og brukarar, samstundes må kunne samarbeide med pårørande og andre yrkesgrupper
Vi tilbyr
Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret.
Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
Trivelege arbeidsplassar med godt lærlingsmiljø
Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
Løn i høve gjeldande tariffavtale
Gode forsikringsordningar
Vi har eiga leilegheit avsett til lærlingar dersom buplass er problematisk
Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdsomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.
Vi vonar du ønskjer å verte lærling i Askvoll kommune og ser fram til å få deg med på laget!
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gunn Yndestad Halland
Kommunalsjef helse og omsorg

Om bedriften
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
1b -f196-441b-bd07-9b0a9771ab31
Sist endret
1. juli 2026
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
_ _nn
Ready to apply for this vacancy?

This driving opportunity is hosted on Askvoll kommune Helse og omsorghttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png. Click below to view the official posting and submit your application.

Key Details
  • Date Posted: 23 Oct 2026
  • Location: United Kingdom
  • Employment Type: Permanent
  • Category: General
100% FREE CV BUILDER
Need an updated driver CV?

Build an ATS-optimised transport CV in 5 minutes with professional templates.

Build Free CV Now
Employer Information
AS
Askvoll kommune Helse og omsorghttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png
Verified Transport Employer

Verified transport and logistics firm operating commercial fleets across the UK network.

More Jobs at Askvoll kommune Helse og omsorghttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png
Similar Driving Roles
Stock Controller
CV-Library • Grimsby, United Kingdom
Reach Truck Driver
CV-Library • Kettering, United Kingdom
Class 1 HGV Driver
CV-Library • Immingham, United Kingdom