BØ

Miljørettleiar

Bømlo kommunehttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png United Kingdom Posted 23 Oct 2026 Closing: 22 Nov 2026
Permanent

Job Description & Overview

**(i ny fane)**:
**Om stillinga**:
Moster skule søkjer engasjert og trygg miljørettleiar i 80% vikariat for skuleåret 2026/2027, med oppstart .
Moster skule er ein kombinert barne
- og ungdomsskule med om lag 256 elevar og 44 tilsette. Skulen har moderne lokale, SFO, skulebibliotek, stor fleirbrukshall og ligg idyllisk til på Bømlo med kort avstand til trekantsambandet. Skulen disponerer eit stort og variert uteområde med leikeapparat, ballbinge og skogsområde som vert nytta aktivt i skulekvardagen. I tillegg har skulen tilgang til kunstgrasbanen til Moster Idrettslag ved behov.
Skulebygget er ein levande møteplass i lokalsamfunnet og vert òg brukt aktivt på ettermiddagstid av mellom anna Bømlo kulturskule, Moster skulekorps, Moster Drill, Bømlo Shotokan Karateklubb og Moster Idrettslag. I 2024 vart Moster skule kåra til Årets Eldsjel gjennom TV-aksjonen, ei anerkjenning som speglar engasjementet og fellesskapet rundt skulen.
**Nøkkelinformasjon**:
- Del på X
- Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
**Arbeidsoppgåver**:
- Oppfølging og støtte til elevar som har behov for ekstra tilrettelegging i skulekvardagen.
- Praktisk og pedagogisk støtte i klasserom, i mindre grupper og i ein-til-ein-situasjonar.
- Bidra til struktur, tryggleik og føreseielegheit i elevane sin kvardag.
- I samarbeid med kollegaer bidra til at elevane meistrar aktivitetar i kvardagen og får sine behov ivaretekne.
- Førebygging og handtering av utfordrande åtferd.
- Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og hjelpeinstansar.
- Delar av stillinga vil vera knytt til SFO.
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
**Kvalifikasjonar**:
Krav:
- 3-årig høgare utdanning som vernepleiar, barnehagelærar eller anna relevant pedagogisk/fagleg bakgrunn.
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Erfaring frå arbeid med barn og unge med særskilde behov.
- Kjennskap til eller erfaring med utviklingshemming eller funksjonsvariasjonar er ein fordel.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Evne til å ta imot og nytta rettleiing i fagleg arbeid.
**Personlege eigenskapar**:
Me legg stor vekt på personleg eignaheit og søkjer deg som:
- Brenn for å skapa ein inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevar med ulike utfordringar.
- Er varm og omsorgsfull, samstundes som du er trygg og tydeleg i vaksenrolla.
- Er tolmodig, robust og i stand til å handtera krevjande situasjonar.
- Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette og kollegaer.
- Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg endringar i kvardagen.
- Arbeider strukturert og ansvarsmedvite, både sjølvstendig og i team.
- Evnar å skapa gode relasjonar og bidra positivt til fellesskapet på skulen.
- Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
**Vi tilbyr**:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons
- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
**Andre opplysingar**
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven - 17-11, jf. politiregisterloven - 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova - 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, **sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold.**Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Moster skule Joakim Lund.
**Adresse**: Espelandssjøen 1, 5440 Mosterhamn, Norge**:
**Opne vegbeskriving**(i ny fane)**
- Opne vegbeskriving**Kontaktinformasjon**:
**Joakim Lund**
- Rektor
- Telefon:
**Om arbeidsgivaren**:
**Berekraftige Bømlo er vår visjon!**
- Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag
- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling
Ready to apply for this vacancy?

This driving opportunity is hosted on Bømlo kommunehttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png. Click below to view the official posting and submit your application.

Key Details
  • Date Posted: 23 Oct 2026
  • Location: United Kingdom
  • Employment Type: Permanent
  • Category: General
100% FREE CV BUILDER
Need an updated driver CV?

Build an ATS-optimised transport CV in 5 minutes with professional templates.

Build Free CV Now
Employer Information
BØ
Bømlo kommunehttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png
Verified Transport Employer

Verified transport and logistics firm operating commercial fleets across the UK network.

More Jobs at Bømlo kommunehttps://static.whatjobs.com/static/ajCore/img/jobPosting/companyLogo/whatJobs_ob_default.png
Similar Driving Roles
Stock Controller
CV-Library • Grimsby, United Kingdom
Reach Truck Driver
CV-Library • Kettering, United Kingdom
Class 1 HGV Driver
CV-Library • Immingham, United Kingdom