Studiekoordinator
Job Description & Overview
Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Arbeidsoppgåver
Fagskulen Vestland søker etter to nye medarbeidarar i 100 % faste stilling som studiekoordinatorar ved studiestadene i Bergen. Vi ser etter deg som har studieadministrativ erfaring, og som arbeidar sjølvstendig og systematisk med oppgåvene. Personane som blir tilsett skal gje administrativ støtte til utdanningsleiarar knytt til drift av utdanningane, og bidra til god kvalitet i oppfølging av studentane. Stillingane er ein del av administrasjonen med 16 medarbeidarar.Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning på masternivå (lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning)
- relevant arbeidserfaring
- kjennskap til studieadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
- god erfaring frå saksbehandling og god forståing for forvaltningsprosessar, regelverk og krav til kvalitet og dokumentasjon er ein føremon
- gode IKT kunnskapar
- god skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- har gode samarbeidsevner
- er initiativrik og sjølvstendig
- trivst med utfordringar
- nøyaktig og systematisk
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hege Aarethun,administrasjonsleiar,Arbeidsstad
Haugeveien 285005Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist:
administrasjonsleiar
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir videregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this vacancy?
This driving opportunity is hosted on CV-Library. Click below to view the official posting and submit your application.
Key Details
- Date Posted: 16 Oct 2026
- Location: bergen
- Employment Type: Permanent
- Category: Training & Coaching
Need an updated driver CV?
Build an ATS-optimised transport CV in 5 minutes with professional templates.
Build Free CV NowEmployer Information
OPK-FV - Administrasjon, Vestland fylkeskommune
Verified Transport EmployerVerified transport and logistics firm operating commercial fleets across the UK network.
More Jobs at OPK-FV - Administrasjon, Vestland fylkeskommune